Organisering av skuledagen og skuleåret
Vi organiserer skuledagen i økter. Ei arbeidsøkt er på 90 minutt. Kvar dag er det innlagt fire økter med pause imellom.
Med dette ønskjer vi å skape ein rolegare og mindre hektisk arbeidsdag både for elevar og lærarar. Det gjer at elevane får færre fag kvar dag. Det skaper fagleg ro og gir grunnlag for fordjuping. Vi ønskjer og at ordninga med økter skal stimulere til varierte arbeidsformer og variasjon i læringsarbeidet.
Alle elevane får 4-5 økter i veka til å gjere arbeid på skulen. Vi kallar dei studieøkter. Vi ønskjer - og legg til rette for, at elevane tar i bruk studieverkstad og bibliotek i studieøktene. På begge skulestadene er det PC-ar med internett tilgjengeleg for elevane.
Skuledagen er inndelt slik i Bø:
1. økt : 08.10 – 09.40
2. økt : 09.50 – 11.20
3. økt : 11.50 – 13.20
4. økt : 13.30 – 15.00
Skuledagen er inndelt slik i Seljord:
1. økt : 08.20 – 09.50
2. økt : 10.00 – 11.30
3. økt : 12.00 – 13.30
4. økt : 13.40 – 15.10


