2KOS på besøk hos Seljord vin
Seljord vin as er eit vineri basert i Seljord, Telemark, som produserer cider og vin laga av norsk frukt og bær og med håndverksmessige framstillingsmetoder. Dei driv også ein restaurant i tilknytning til fabrikken, og kan og tilby ulike mat- og vinkurs, samt omvisning. 2KOS har nytta seg av dette tilbudet.
En annerledes smak av bær...
Kokk/Servitør-klassa var på vinsmaking og omvisning hos Seljord Vin. Vertskapet Elizabeth og Tor Rett tok godt imot oss. Dei viste oss
Råvarer i produksjonen
produksjonslokalet sitt og forklara prosessane, vi fekk høyre om produkta, og sist, men ikkje minst, så vart vi ført inn i vinsmakarkunsten! Her galdt det ikkje å halde tunga rett i munnen. Her skulle det slurpast og rullast så vinen fekk skikkeleg kontakt med smakslaukane og lukteorgana! Det er viktig å ha dei rette glassa. Vinen skal sveivast rundt og rundt medan ein snusar med nasen godt nedi glaset før ein tek den første slurken. Så supe og surre...og spytte ut att!! :( For dei over 18 år som ikkje køyrde bil var det lov å smaka eit fingerbøl.. Det var raudvin av bær, rektig god - mest som ein Rhône-vin, og friske gode cidertyper.
Sidan vi var hos fagfolk innan både vin og mat, fekk vi ein god og interessant diskusjon om vin til mat, vi snakka om menyoppbygging og fekk tips om gode rettar, mellom anna ein cider-dessert som absolutt må prøvast!
Det er veldig fint å kunne ta ein ein fagleg ekskursjon i lokalmiljøet. Vi takkar vertskapet for solid og god mottaking!
Epleciderpannacotta
til 4 personar
Bløytlegg:
3 plater gelatin i vatn
Rør saman og kok opp:
100 gram ferskost (t.d. Filadephia naturell)
100 gram sukker
1/2 vaniljestang (del på langs og skrap ut frøa)
3 dl kremfløte
2 dl Seljord eplecider
Kjøl ned litt, vri ut vatnet av gelatinplatene og rør dei godt ut i blandinga.
Fyll i 4 serveringsglas eller former og set i kjøleskåp til dei stivnar, gjerne natta over. Kan gjerne serverast med litt bringebærcoulis (ein saus av bringebær køyrt i foodprocessor og sila. Om du vil kan du smaka til med litt sukker). Pynt med heile bær - eller noko anna godt og fint.


