Top menu



More articles


Besøk frå Bangladesh

Liza og Annie

Elevene frå Seljord satt med øyrene på stilk då dei fekk storfint besøk frå Bangladesh. Alle satt stille som mus og følgte nøye med!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein yrande gjeng møtte i dag måndag 27.10, representantane frå årets OD. Annie (16) frå Oslo var med som tolk til Liza (16) frå Bangladesh. Liza fortalte korleis ho hadde det. Korleis hennar kvardag var. Ho fortalte om kvardagen som gjekk mykje til skule og husarbeid saman med mora. – Eg er ei av dei heldige, seier ho. – Min far betaler skule og eg får ta privattimar etter skulen.

Ho er altså av dei få heldige i sitt heimland, der det er omtrent 150 millionar innbyggjarar. Landet er ikkje stort større enn Danmark. Flesteparten av befolkninga lever av jordbruk, der dei dyrkar ris, bomull og jute. Jute er eit slags tekstil.

Utanom skule og husarbeide gjeng ho på noko som heiter Shonglap, som er eit eittårig kurs for ugifte kvinner som ikkje har råd til så mykje skulegang. Det er også veldig lærerikt, sidan dei lærer mange humane ting, som helse og økonomi. Noko dei ikkje lærer i skulen. Dei lærer også om korleis dei skal klare å tene pengar og korleis dei skal unngå forskjellige sjukdomar som HIV og AIDS. – Eg lærer å brodere på Shonglab, pengane eg tener går til skulebøkar, fortel ho ivrig.

Shonglap har også påverka landsbygda på andre måtar fortel ho. Likestillinga blir betre og betre. For ikkje lenge sidan var det umogleg for ei jente å prate med ein gut, utan å bli sett på som ”lett på tråden”. Då var det om å gjere for foreldra å gifte bort borna. Det var mor og far som valte ektemann før, men nå er det blitt betre fortel ho, sidan du kan nesten velje sjølv.

Grunnen til at Liza reiser rundt i samarbeid med OD er fordi ho ønskjer å fortelje korleis andre menneskjer har det. Ho ønskjer å fortelje at me som elevar burde støtte fult opp eit prosjekt som detta.

Støtt Operasjon Dagsverk 2008!

Tekst og foto: Tone Øygarden