Ekskursjon til Oslo
Tysdag 3. november reiste 3SSA og 3IDA på utflukt til Oslo. Turen var meint som eit tverrfagleg opplegg der elevane skulle lære nye ting innanfor både religion og historie.
Turen starta i moskeen på Grønland der me fekk eit lite foredrag om kva som gjekk føre seg i moskeen. Ein Imam hadde tatt på seg å fortelje litt om moskeen. Han tok for seg korleis dei praktiserte religionen sin, korleis dei utførte ulike bønner, og om andre aktivitetar som gjekk føre seg.
Etter ein liten rundtur på Grønland, kom bussen og tok oss vidare til Teknisk museum på Kjelsås. Her fekk alle elevane seg noko å ete, før klassene blei delt opp og fekk kvar sin guida tur om den industrielle revolusjonen i Noreg. Guiden var ein livat kar som gjorde turen til ei interessant affære. Etterpå fekk elevane vandre rundt på eigenhand å kikke på ulike spennande aktivitetar som omhandla nyare teknologi
.Heilt til slutt fekk alle seg ein god middag og ein liten tur rundt i Oslos gater før turen gjekk heim. Alle var einige om at det hadde vore ein vellukka tur.
(Tekst: Edvard Ajer, Bjørn Inge Selstø, Eirik Tengesdal/Foto: Johan Kvaal).
Moskeen på Grønland
Inne i moskeen
Teknisk museum


