Elev hjelper elev i matematikk
Matematikkmentorar er klare for å hjelpe elevar med matematikk.
På biletet ser du Stian, Oscar, Elin og Benjamin. Dei er mentorar og er elevar frå Vg3 som har hatt matematikk i tre år. Ordninga er ein del av KASK-SMILE prosjektet, eit prosjekt der målet er å auke interessa for realfaga. Rolla til mentorane er å hjelpe til med lekser og førebuing til prøver. Flesteparten av hjelpetimane ligg i skuletida.


