Elevar på besøk hos Marintek i Trondheim
ToFx-elevane (teknologi- og forskningslære) frå Bø vgs avd. Bø var på fagtur til NTNU sin avdeling for marine fag på Tyholt i Trondheim (Marintek) samt eit besøk hjå NRK.
ToFx-elevane har i år som årsprosjekt å designe og bygge eit kontainerfarty med gitte spesifikasjonar. Etter ei utveljing vart det båten til Andreas og Tore Egil som skulle representere skulen. Alle båtane vart testa på førehand i symjebassenget på Gvarv skule.
Andreas og Tore Egil med Ingvild og skuta M/S Ingvild mellom seg
Det var eit opplegg i regi av Marintek, som inneheldt ei tevling og delvis ein fagleg informativ seksjon. Turen frå Bø gjekk med toget til Oslo S, og vidare nattoget frå Oslo på torsdagskvelden. Var då framme i Trondheim kl 07.00 fredag 12. mars 2010. Opplegget på Marintek starta kl 08.15, og vi fekk informasjon om avdelinga, konkurransen og elles praktiske tilhøve.
Frå havbassenget, nesten på storleik med ein fotballbane
Tevlinga starta ca kl 0900, med fartsprøve. Det var om lag 30 skular frå heile landet med i konkurransen. Fartsprøva gjekk ut på å manøvrere sin eigen farkost tvers over havbassenget, runde ei bøye og så attende. Fartsprøva gjekk svært bra, og vi var leda ganske lenge. Batteriet vart dessverre lagt høgt opp i styrhuset, slik at båten slingra for mykje og vi tapte nokre sekund på det. Tevlinga i slalomløypa gjekk dårlegare, og her låg nok mykje av årsaka til at vi ikkje kom med i finalen. Brukte mykje tid på å runde bøyene. Dels på uhell og dels for liten trening med manøvrering i basseng på førehand. Krengeprøva gjekk greitt. Rapporten gav oss og nokre poeng, men vi fekk ikkje utteljing for mange av utrekingane, noko vi stiller oss undrande til.
Etter lunch vart det forelesing og omvisning med studentar på Marintek.
Etter total vurdering vart dei fem beste laga samla så til ein superfinale med fartsprøve og quiz. Vi var ikkje blant desse og hamna midt på treet. Det beste laget vart då kåra, og i år vart det Oslo Katedralskole.
Klokka var då blitt nærare 1630, då vi fekk omvising på nrk Radio og Midtnytt på Tyholt. Det var onkelen til Bjønn; Helge Raftevold som sytte for opplegget og omsyninga. Han fekk overrekt eit glas med honning frå Flatdal frå Bjønn. Vi fekk sjå korleis eit radioprogram vart kringkasta frå studio (nrk mp3) og var innom fleire redaksjonar, samt den tekniske avdelinga.
Her prøvar Marius seg som nyheitsopplesar i Midtnytt-studioet
Fredagskvelden gjekk vi ut på pizzarestaurant på Solsiden, og elles var det fritt fram til 22.30. Vi tok nattoget attende til Oslo, og var tilbake i Bø kl 09.10 laurdag morgon. To hektiske dagar men med mange nye inntrykk. Siste natta på toget fekk mange endeleg sove.
Med helsing
Dag Aarskog, faglærar og turansvarleg


