Top menu



Flere artikler


Flott foredrag av Torstein Lerhol

Torstein Lerhol frå Oppland holdt eit flott foredrag for alle avgangsklassene i Seljord tysdag 16. februar. Han er 24 år gammal, politikar og ferdig utdanna lærar i historie og samfunnsfag.

Torstein har ein muskelsjukdom som gjer at han veg 17 kg og treng hjelp døgnet rundt. - Men for eit pågangsmot!

Han har reist verden rundt, mottoet hans er "Sutring er for pyser". Torstein er leiar for Senterungdommen i Oppland fylke og er på 4. plass på Senterpartiets liste i samme fylke. Han drøymer om å koma på Stortinget og å få seg ein lærarjobb.

Til sommaren reiser han på rundreise i USA, med eit TV-team på slep. Målet er å krysse USA, og dette blir det TV-serie av som NRK har planar om å sende til hausten.

Vi takkar Torstein for besøket!

Torstein Lerhol i auditoriet i Seljord

Torstein Lerhol i auditoriet i Seljord