Top menu



Flere artikler


Internasjonal veke

I samband med Internasjonal veke fekk elevar i 1. og 3. klasse i oppgåve å lage veggaviser om ulike land årets Operasjon Dagsverk-aksjon støtta.

Andrea H Bruheim, 1 KOK skriv:

I forbindelse med Internasjonal veke fekk me som oppgåve å lage veggaviser om dei forskjellige landa årets OD-pengar skal gå til. Me arbeidde med prosjektet i to veker, og klassa blei delt i 2 store grupper som skulle lage kvar si veggavis. Tredje klasse fekk sama oppdraget, og det blei til saman fire veggaviser. Landa som blei presentert var Malawi, Mosambik, Sør-Afrika og Uganda. Dei blei utsilt i Vrimlehallen.

I tillegg laga nokon av elevane på gruppa vår ein afrikansk-happening i rommet bortanfor kantina. Der hadde dei pynta med Afrikanske gjenstandar og me høyrde på afrikansk musikk medan me fekk servera afrikansk mat.

Birgit M Tjønntveit viser fram resultatet av oppgåva

Birgit M Tjønntveit viser fram resultatet av oppgåva