Nei takk til svart arbeid
Elevar ved avd. Seljord seier nei takk til svart arbeid! Karl Erik Roland og Lise Granerud frå Skatteetaten har vore på besøk i Seljord og informera om svart arbeid.
Dei to frå Skatteetaten skapte engasjement i 2.-klassene ved avdeling Seljord med foredrag om skatt og svart arbeid.
Nei takk til svart arbeid blei resultatet sjølv om store summar nok kunne virke freistande for somme før Roland hadde presentert regnestykket sitt.
Du kan gå inn på www.spleiselaget.no og få tips og informasjon om arbeid og skatt retta mot ungdom.
Besøk frå Skatteetaten


