Top menu



More articles


Realfagsdag på Bø vgs

Ill: Colourbox

Realistane brukte fredag 10. februar på full konsentrasjon om fysikk, matematikk, kjemi og biologi. Mykje av tida blei bruka på praktiske øvingar og konsentrasjonen var på topp.

På bilda under gjør Karoline og Linda eit forsøk der dei skal bruke det dei har lært om relativitetsteori til å rekne ut hastigheten til elektronene i betastråling. Resten av gruppa registrerer målingane på geigerteljaren – og så er det bare å rekne når alle målingane er gjort.

Vidare undersøkte elevane spenning som blir produsert når ein slepper ein stavmagnet gjennom ein spole - enkelt sagt, når det blir laga strøm. Nyttig kunnskap i eit vinterland!

Elevane synest fysikk er spennande og dei valte realfag og fysikk fordi det hørtast spennande ut, nokre har ingeniørplanar, medan andre bare vil ha dei valmoglegheitane som full fordjupning i relafag gir.

Ida er ei av dei fem jentene på fysikkgruppa. Ho seier jenter bør velje faget viss dei likar å rekne – det er morosamt. Men; - ein er fort "lost" om ein ikkje møter i timane. Veldig mykje læring foregår der.

På kjemilab'en var temaet organisk syntese. Der blei det framstilt benzosyre fra benzylalkohol. Dette er ein oksydasjonsreaksjon der elevane får prøva seg i fleire lab-teknikkar bl.a. filtrering og omkrystallisering.