Ros til russen!
Russen 2009 har markert seg på ein positiv måte. Kullet laga tidlegare i vår ein god revy.
17 mai avslutta dei feiringa med eit betre russetog enn det vi har sett dei seinare åra. Togsjef Kaja B. Skoftedalen var då også nøgd då vi snakka med henne umiddelbart etterpå.
Russepresident Jonas Myrstad heldt den tradisjonelle presidenttala framføre 4-500 tilhøyrarar
utanfor kulturanlegget i Gullbring.
Russen avslutta i flott stil med russesongen frå revyen. Ikkje heilt samstemt, men kva kan ein forvente langt utpå 17. mai?


