Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!
Alle elever med ungdomsrett i videregående opplæring får utstyrsstipend, uansett hvor mye foreldrene tjener. Husk at du må søke for å få stipendet.
Søk om utstyrsstipend – alle med ungdomsrett får!
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, same kor mykje foreldra tener. Hugs at du må søkje for å få stipendet.
Når kan eg søkje?
Du må takke ja til skoleplass før du kan søkje om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkje dersom du står på ventelisteplass, du må vente til du har takka endeleg ja til ein skoleplass.
Kvar kan eg søkje?
- Du kan logge inn på vigo.no og søkje derifrå når du seier ja takk til skoleplass.
- Du kan søkje frå lanekassen.no.
Korleis får eg pengane?
1. Du logger inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no.
2. Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga/gjeldsbrevet til skolen din. Hent brevet der når skolen startar til hausten. Ingen får utbetalt pengar før skolen har starta.
3. For å få pengane til kontoen din må du skrive under på brevet (stipendmeldinga/gjeldsbrevet) og sende det tilbake til Lånekassen. Er du under 18 år, må også ein av foreldra dine skrive under.
Les meir på lanekassen.no og sjekk ut Lånekassen på Facebook.


