Tur til Ballongfararsteinen
Tysdag 12. mai etter jobb arrangera velferdsgruppa ved Bø vgs personaltur til Ballongfararsteinen på heia mellom Bø og Seljord. Med på turen hadde vi guide Hans Strand, som fortalde om hendinga knytta til steinen og området ellers.
Minnesteinen er sett opp ved landingsstaden for ei fantastisk ballongferd frå Paris i november 1870. Paris var beleira under den fransk-tyske krigen i 1870, og 2 franskmenn gjekk opp i ballong med melding til franske troppar på den andre sida av den tyske fronten. Ballongen kom ordentleg ut av kurs, og landa på garden Strand oppunder Lifjell, 15 timar etter ”take off”. Ballongfararane overlevde landinga, og oldefaren til guiden vår var ein av dei som fann dei to franskmennene.
Hendinga blei godt kjent over heile landet, og dei to ballongfararane blei heidra som heltar på ferda mellom Seljord til Kristiania.
Vi hadde ein flott tur i varmt vårvær, og med god guide med mykje kunnskap blei det ei minneverdig kveldsstund. Restaurant- og matfagavdelinga vår i Seljord hadde sendt med oss litt godt å bite i, og me fekk ein hyggeleg rast mens me høyrde historia om dei to franskmennene som blåste bort i ballong og havna på Lifjell for snart 140 år sidan.
Turgjengen
Hans Strand fortel
Eiliv og Arne


