Top menu



More articles


Utedag i Seljord

4.10.10 012

Været hindrar ikkje STAR-elevane i Seljord å ha utedag. Måndag 4.oktober var det utedag med matlaging og prosjektarbeid.

STAR betyr Studiespesialisering med arbeidstrening.

Det blei laga mat ute på bålpanna denne dagen, og menyen var pannekaker med kyllingfilet.

Prosjektet dei har holdt på med i haust er å lage kompostbinge, og det er spennande å følgje med på utviklinga i den. Ellers blir det denne hausten og vinteren eit fugleprosjekt. Det skal lagast foringsboksar og heimelaga fuglemat, slik at elevane kan finne ut kva slags fuglar som overvintrar ved "huset i skogen" bak skulen på avd. Seljord.