Top menu



Flere artikler


Bø vidaregåande skule

I Bø sto eit nytt skuleanlegg ferdig ved skulestart hausten 2003.
Skulen har hovudinngang frå parkeringsplassen.
Når du går inn der, kjem du inn i vrimlehallen der du finn informasjonstavle som viser kvar dei forskjellige romma er.

Alle romma har nummer som viser kva for eit bygg dei ligg i. Det første talet står for bygget, det andre markerer etasjen. Eks.: rom 2-108 ligg i bygg 2 , i 1. etasje.

Bygga har følgjande nummer og innhald:
Bygg 1:
Ekspedisjon, rektor og leiinga. Personalrom.
Spesialrom i fysikk, kjemi og naturfag
Bygg 2:
Undervisningsrom
Bygg 3:
Festsal/Gymsal, kantine og studieverkstad
Bibliotek og elevrådskontor
Vaktmeister og reinhaldspersonale
Bygg 4:
Lærararbeidsplassar
Informatikkrom
Rådgjevarar
Gymnastikkbygget:
Gymsalar

 

Skuleanlegget i Seljord

Ved avdelinga i Seljord fekk vi også nytt bygg hausten 2003.

Bygget huser mellom anna rom for Media- og kommunikasjon, auditorium, bibliotek og arbeidsrom for lærarar.

 

I Nybygget finn du skulens nye bibliotek med eiga avdeling for sjølvstendig arbeid og PC-ar med internett-tilkobling. Her er det også arbeidsrom for lærarar. I første etasje finn du eit auditorum som har 34 sitteplassar. I underetasjen er det klasserom og spesialrom for Medium- og kommunikasjon. Alle rom i nybygget har ein N framfor romnummeret.

I teoribygget er det undervisningskjøkken i andre etasje. Her ligg også kantina og Stua, som blir brukt i samband med samlingar og møte. I første etasje er det undervisningsrom. Skulen har fått ein ny og større vestibyle der vi håper at elevar vil trivast i pausane. Vestibylen blir eit sentralt senter for informasjon på skulen. Der finn du oppslagstavler og informasjonsskjerm. Alle romma i teoribygget har ein T framfor romnummeret.

Ekspedisjonen og leiinga har kontor i 1. etasje i Gråbygget. Der finn du ekspedisjonen og dagleg leiar i tillegg til dei andre leiarane. Personalrommet er også der. I underetasjen er det undervisningsrom og garderobar.