Eksterne kontaktar
MTNU
Bø vidaregåande skule har i fleire år hatt partnarskapsavtale med Midt-Telemark Næringsutvikling – MTNU. Elevar som vel økonomifag og marknadsføring og leiing etablerer kvar haust elevbedrifter. MTNU gir råd og rettleiing til desse elevbedriftene.”Syretesten” er t.d. eit slikt treffpunkt mellom NTNU og elevbedriftene.
I denne testen presenterer elevane sine bedrifter og får vurdert idear og planar på ein profesjonell måte.
Ungt Entrepenørskap (UE) er ein ideell organisasjon med målsetting om å ”inspirere unge til å tenke nytt og til å skape verdier”. Ungdomsbedriftene ved skulen har også samarbeid med denne organisasjonen og deltek på større arrangement der dei får presentert sine bedrifter.
Høgskulen i Telemark
Historiegruppa har i fleire år samarbeida med lærarar frå Avdeling for kultur og humanistiske fag på HiT. Elevar frå vg3 har kunna følgje forelesningar på HiT i historie, og lærarar frå HiT har halde forelesningar på skulen. Samarbeidet har vore knytta opp til nyare historie og har t.d. omfatta tema som ”Kommunismen i Sovjetunionen” og ”Kvinnehistorie”.
Energinettverket i Midt Telemark
Nettverket består av ungdomsskular i Midt-Telemark og Bø vgs. Og arrangerer kvar vår energikamp mellom 9.klassane.
Marintek, NTNU-Trondheim og Andøya Rakettskytefelt (NAROM)
I faget Teknologi og forskningslære samarbeider skulen med Marintek NTNU når det gjeld bygging, utrustning og testing av skipsskrogmodellar.
Elevar som har TOFX plar reise til NTNU Trondheim som del av samarbeidet.
NAROM er kontakten når det gjeld bygging og testing av cansat-sensorar med oppskyting.

