2KOS i Frankrike

Publisert: 16. april 2009

Hilsen 2KOS - ein glad gjeng

Elevane i 2KOS er tilbake frå ein vellykka studietur i Frankrike. Det har vore ein artig og lærerik tur med besøk i vinkjellar og ein kjøtprodusent i tillegg til fokus på god mat.

Frankrike - ei reise i mat og kultur

Måndag
På måndagen reiste me frå skulen utkvilte og eventyrlystne.
Flyturen gjekk til Girona med vidare buss til Ninaute.
Då me kom dit bare få timar til soloppgang sto harde senger og venta på oss.

 

Tysdag
På tysdag hadde me ein rolig formiddag med turgåing eller søvn for dei som trong det. Etter ein treretters lunsj, drog me til sentrum for og få omvisning hjå ein lokal matprodusent som dreiv med konserverte matprodukt.
Så gjekk turen vidare til Carcasonne for å besøke Chataeu Comtal.
Dette var ei borg ifrå middelalderen, etterpå gjekk me ned til byen og åt ein 4 rettars meny på ein lokal restaurant.

Carcassonne

Carcassonne

4-retter - del 1

4-retter - del 1

4-retter - del 2

4-retter - del 2

 

 

 

 

4-retter - del 3

4-retter - del 3

4-retter - del 4

4-retter - del 4

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Onsdag
Tidleg på morgon sette me oss på bussen frå Limoux til Andorra. Turen tok
fire timar, inkludert tissepause. Andorra er ein liten stat i Pyrineene.
Det er ein taxfreestat me nytta oss godt av. Dei som ikkje sov under heile turen fekk med seg den flotte naturen. På kvelden hadde me festaften med musikk og dans frå nokon litt eldre hobbymusikarar. Dette var ein fin oppleving for oss alle.

Festaften med lokal mat

Festaften med lokal mat

 

 

Torsdag
Me var på Les Caves du Sieur D`Argues som var ein vinfabrikk der blei det vinsmaking og omvisning. (Akkurat som me ikkje hadde smaka nok før) . Etter å ha kome til Ninaute hadde me tid til rådighet.
Nokre tok seg ein ridetur mens andre låg og sola seg i det fine veret.

 

På besøk hos lokal kjøtprodusent

På besøk hos lokal kjøtprodusent

Besøk i vinkjeller

Besøk i vinkjeller

 

 

 

Fredag
Klokka slo 06.00, og alle bråvakna av naborommets do-besøk.
Me pakka sakene våre og sette oss i bussen litt ufrivillig, nokon med såre bakendar og andre med solbrent nase.
Bussturen gjekk til middelhavet der me var på ein restaurant og smaka på
østers og blåskjel. Dette falt ikkje i smak hjå alle, men nokon heldt maska.
Turen gjekk deretter vidare til Girona, der me tok fly heimatt til Torp. Der blei me møtt med skikkeleg vintervêr.

 

Østers - er det godt?

Østers - er det godt?

 

Hilsen 2KOS - ein glad gjeng

Hilsen 2KOS - ein glad gjeng