Bø vgs vann Telemarksmesterskapet i kokkfag 2010

Publisert: 23. des 2010

DSCN0121[1]

Telemarksmesterskapet i kokkfag 2010 vart arrangert i Seljord 20. desember - og Seljordelevane vann!

Seljordselevar deltok for andre gong, og sist, i 2008, vann dei også. Sigeren fører vidare til Østlandsmeisterskapen.

I år konkurrerte våre elevar mot elevar frå Hjalmar Johansen vgs i Skien, og begge lag hadde svært gode resultat. Det var 3 dommarar, hoveddommar Erling Vik frå Kokkemesterlauget, Hanne Sondresen frå Opplæringskontoret for salg, service og restaurant- og matfag, og Bob Gottchal, matkontakt hjå Fylkesmannen i Telemark.

Elevane som vann satsa på økologisk lammekjøt frå Olav Bjørge i Seljord. Lammesteik med gode rotgrønsaker og beter, - både tradisjonelle som gulrot, selleri og rødbete, og importerte som gule beter og rettich. Sammen med stua poteter og urtesjysaus ga dette eit flott resultat som var med å sikre sigeren.

Hermetisering var eit av kriteriene i år, og våre elevar hadde hermetisert pærer. Laken var basert på tyttebær, stjerneanis, kanel og nellik som vart kokt inn til ein god dessertsaus. Vaniljepanacotta og egenbakt kjeks var tilbehør.

Vi gratulerer og ynskjer lykke til på Lillehammer 13. januar 2011, der Østlandsmesterskapet vert arrangert på Mesna vgs.

Til slutt nokre bilder frå konkurransen: