KOLON-besøk

Publisert: 06. feb 2009

IMG_0488

Kolon-teatret har igjen besøkt Bø vgs. For 150 elevar på VG1 frå avd. Bø og Seljord spela ein entusiastisk trupp stykket ”Ctrl Alt Z”. Hovudpersonen Bjørn (20) er narkoman, men får hjelp på ”Veksthuset”. Stykket handlar om korleis det er for Bjørn å komme ut av misbruket og etablere seg i eit vanleg liv utan rus.

Mange vanskelege, men viktige val. Også ungdom utan eit narkotikaproblem å hanskast med, vil kunne identifisere seg med situasjonar Bjørn kjem opp i.

Forestillinga er ein del av skulens rusforebyggande arbeid, og elevane får fokus på eit viktig tema utafor ramma av klasserommet.

Harald Stensland, dagleg leiar i Kolon, fortel at Bø er første stopp på ein lang turnerunde som endar opp i Finnmark.

Skodespelarane er svært unge, nokre av dei er ferdig utdanna og arbeider freelance, medan andre tek dette som eit annleis år, etter f.eks. folkehøgskule. Turnelivet er krevjande med overnatting på matter i gymsalar rundt forbi og rigging av utstyr opp og ned. Men det er og spennande, det blir eit sterkt sosialt felleskap, heile tida nye opplevingar og god geografikunnskap.

Kolonteatret er ein del av organisasjonen Juvente som driv rusforebyggande arbeid for unge.

Akkurat no er Kolon teatret ute etter skodespelarar for neste sesong, så viss nokon kan tenkje deg å vere ”reisande” skodespelar etter vidaregåande har dei sjansen no. www.kolonteater.no