Regnfull idrettsdag

Publisert: 27. sep 2011

Florije Krasniqi

Turnering

Måndag 26. september samla heile skulen seg på idrettsbanen i Bø.

Det var tid for den årlege idrettsdagen, dagen då fellesskapet skal styrkast, med alle avdelingar det inneber. Tredjeklassingane på idrettslina hadde som vanleg sydd saman eit flott opplegg for både dei idrettsleg aktive, og dei som til vanleg tilbring mesteparten av dagen framfor datamaskina. Elevane fekk konkurrera med kvarandre i alt frå fotball til høgdehopp, og trass i det grå, regnfulle vêret, såg dei fleste ut til å kose seg med både nysteikte vaflar og sveitteperler i panna.

 

Line Omland Eilevstjønn/Synne Haugland, tekst/foto.

 

Alle elevane deltok på felles oppvarming før konkurransane starta.

Høg Aktivitet på fotballbanen.

Volleyballbanen yra av liv.

Lærarane vant det meste, men kom til kort i stafetten.