ToFx-tur til Marintek i Trondheim

Publisert: 17. mars 2009

Tofx1

ToFx-elevane (teknologi- og forskingslære) frå Bø vgs var på fagtur 12-14 mars 2009 til NTNU sin avdeling for marine fag på Tyholt - Marintek i Trondheim.

ToFx-elevane har i år som årsprosjekt å designe og bygge eit kontainerfarty med gitte spesifikasjonar. Etter ei utveljing vart det båten til Andreas og Torgeir M som blei valt, og vart testa på førehand i symjebassenget på Gvarv skule.

Det var eit opplegg i regi av Marintek, som inneheldt ein konkurranse og delvis ein fagleg informativ seksjon. Turen frå Bø gjekk med toget til Oslo, og vidare med nattoget til Trondheim torsdagskvelden, som var framme kl 7.00 fredag den 13. Opplegget på Marintek starta kl 8.00, og vi fekk informasjon om avdelinga, konkurransen og elles praktiske forhold

 

Konkurransen starta ca kl 9.00, med fartsprøve. Det var om lag 30 skular frå heile landet med i konkurransen. Fartsprøva gjekk ut på å manøvrere sin eigen farkost tvers over havbassenget, runde ei bøye og så attende. Vi var litt uheldig med bakkinga som vi ikkje fekk til med ein gong, slik at den fyrste fartsprøva vart spolert. Det var etter litt strev og hjelp at ein eining i styringa måtte innstillast på nytt. Neste fartsprøve gjekk betre, og Lars var styrmann.

Febrilsk aktivitet for å få reparert skuta

Febrilsk aktivitet for å få reparert skuta

Gruppa fekk høg score på stabilitetstesten

Gruppa fekk høg score på stabilitetstesten

Lars fjernstyrte båten 1

Lars fjernstyrte båten 1

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det var også ei manøvreringsprøve gjennom ei sikksakkløype.

Her er vi i havbassenget, på storleik med ei fotballbane.

Her er vi i havbassenget, på storleik med ei fotballbane.

Etter lunch vart det forelesing og omvisning med studentar på Marintek.

Etter total vurdering vart dei fem beste laga samla til ein superfinale med fartsprøve og quiz. Vi var ikkje blant desse og hamna midt på treet. Det beste laget vart kåra, og i år vart det Skeisvang vgs.

Klokka var då blitt nærare 16.30, før vi kunne dra attende til hotellet i Trondheim sentrum.

Fredagskvelden gjekk vi ut på pizzarestaurant, og laurdagen var fri til handling og sjå seg om i byen. Vi tok toget attende til Oslo og Bø i 16.00-tida laurdag ettermiddag.