Vi er 3 rådgjevarar/karriererettleiarar ved skulen; Vigbjørg Nenster, Kjerstin Bøland og Mats Trevland.
|
|
Vi har 2 hovudoppgåver: 1. Karriererettleiing Vi hjelper elevane med val av fag eller ved overgang til delkurs-status. Vi rettleier om vidare utdanning, mellom anna med søknader om opptak til høkgskular og universitet. Karriererettleiarane har kontor i romma 4-020 og 4-021 i Bø, og i underetasjen i administrasjonsfløyen i Seljord. 2. Sosialpedagogisk rådgjeving Vi hjelper elevar som har vanskar i skulesamanheng. Vi formidlar kontakt med PP-tenesta, skulehelsetenesta, arbeidsmarknadsetaten og andre instansar utanfor skulen når det er nødvendig. Elevar som ønskjer å slutte ved skulen, må melde frå til oss.
|
Vi kan og formidle kontakt til andre instansar. Ta gjerne kontakt med oss om du lurar på noko.
Hovudområda våre er:
Rådgjevartenesta er gratis og du får ikkje fråvær når du går til oss i undervisningstida. Vi har teieplikt, men samarbeider med helsesøster, lege og PPT om eleven ønskjer det.